Ved å velgje "Eg godtar vilkåra for kunderegistrering", samtykker du i at Fjord1 ASA lagrar og behandlar din personlege informasjon i samsvar med Fjord1 ASA sin personvernpolicy som er beskrive her. Det inneber også at du stadfestar at informasjonen du registrerer er korrekt.
Personvernerklæring for Ferdakunde i Fjord1 ASA
For å gje våre reisande eit best mogleg tilbod, både i betente og ubetente kioskar, tilbyr vi våre kundar ei teneste for elektronisk identifisering i våre kioskar, kalla Ferdakunde. Dette for å mellom anna kunne tilby kjøp og bruk av klippekort og andre rabattordningar.
Ferdakunde er ei teneste der du som kunde vil få ein brukarkonto som vil innehalde nokon grunnleggjande personopplysningar om deg, for eksempel namn og kontaktinformasjon (sjå detaljer nedanfor). Vi samlar berre inn dei personopplysningane som trengs for å tilby deg dei tenestene du ønsker.
Når du bruker Ferdakunde og/eller handlar i våre kioskar som registrert kunde, vil Fjord1 behandle personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om personopplysningar som samlast inn, kvifor vi gjer dette og dine rettar knytt til behandlinga av personopplysningane.
Behandlingsansvarleg for personopplysningane vi behandlar er Fjord1 ASA ved administrerande direktør Dagfinn Neteland. Kontaktinformasjon til Fjord1 ASA er:
Adresse: Strandavegen 15, 6905 Florø
E-post: post@fjord1.no
Telefon: 57 75 70 00
Organisasjonsnummer.: 983 47 2583
For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar kan du kontakte oss på
post@fjord1.no eller telefon 57 75 70 00.
1. Kva slags informasjon samlar vi inn og lagrar
Vi samlar inn følgjande informasjon om deg:
-
Kontaktinformasjon, for eksempel namn, telefonnummer og e-postadresse;
- Brukarnamn og passord;
- Om du er tilsett i Fjord1
- Informasjon om kjøp du gjer når du har identifisert deg som registrert kunde
- Vi kan automatisk samle inn visse opplysningar som IP-adressene til kundane og informasjon om andre nettlesarar eller enhetsidentifikatorer, nettlesartype, operativsystem, krasjdata, Internett-leverandør, sider som kunden har besøkt, dato og klokkeslett for besøk, informasjon om kundens aktivitetar (for eksempel lenkene som blir klikka på og sider som visast) i tenestene og annan standard serverlogginformasjon ("Log og Cookies").
2. Kva er føremålet med å samle inn og lagre personopplysningane og kva blir informasjonen nytta til?
Vi brukar dine personopplysningar for å:
-
Tilby deg ein kundeprofil og mekanisme for å identifisere deg i våre kioskar, slik at vi kan gje deg rette prisar og rabattar
- Tilby deg ein portal der du kan få oversikt over dine kjøp og rabattar
- Sende deg QR-kode for identifisering i våre kioskar
- Sende deg informasjon om våre tenester og tilbod
- Etterkomme rettslege og juridiske krav, til dømes rapportering av skattepliktige ytingar
- Kontrollere at våre gjeldande retningslinjer blir følgd, til dømes at personalrabattar blir brukt i samsvar med Fjord1 sine retningslinjer
- Berekne og rapportere brukartal og trafikk. Dette blir behandla anonymt og er berre basert på talet på klikk og talet på besøk
- Forbetre nettsida basert på bruk
Opplysningane blir ikkje brukt til noko anna.
Personleg data og historikk
Personleg informasjon som e-postadresse, telefon og kjøpshistorikk vil ikkje vere offentleg tilgjengeleg for andre brukarar. Unnataket er administrator og sakshandsamarar i Fjord1 ASA. Her vil e-postadresse og opplysningar som er samla inn vere tilgjengeleg i samband med sakshandsaming, problemløysing og kontrollering. Dette er nødvendig for å yte best mogleg service for deg som kunde og brukar, for å etterkomme rettslege og juridiske krav, og for å kontrollere at våre gjeldande retningslinjer blir følgd.
3. Utlevering av personopplysningar til andre
Vi gir ikkje personopplysningane dine videre til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Eksempel på slikt grunnlag vil typisk være ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som pålegg oss å gi ut informasjonen.
Fjord1 bruker databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtalar for å ivareta informasjonssikkerheiten i alle ledd av behandlinga.
Data Nova AS er Fjord1 ASA sin databehandlar og leverandør for utvikling og vedlikehald av butikkdatasystem, inkludert kunderegister og Ferdakunde.
Opplysningar som vert samla inn vert lagra på eigne serverar som vert drifta av Fjord1. Det er berre Fjord1 ASA og Data Nova AS som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Ein eigen databehandlaravtale mellom Fjord1 ASA og Data Nova AS regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den blir behandla. Data Nova AS benyttar seg av underleverandørar utanfor EU/EØS-området, og personopplysningar kan difor bli overført til land utanfor EU/EØS-området. Data Nova AS har eigne avtalar med sine underleverandører som regulerer kva informasjon underleverandørane har tilgang til og korleis den blir behandla, slik at overføringa er lovleg etter GDPR regelverket.
4. Lagringstid og sletting
Fjord1 lagrar ikkje personopplysningar lenger, og i større grad enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med behandlinga, med mindre det er lovpålagd.
Opplysningar om deg blir sletta når du sjølv vel å slette profilen din, anten i Ferdakunde eller ved at du kontaktar Fjord1 ved å sende ein e-post til: post@fjord1.no. Informasjon om kjøp du har gjort vil deretter bli anonymisert, slik at dei ikkje lenger kan knytast til deg. Det kan variere kor fort opplysningane vert anonymisert.
5. Meir informasjon om automatisk innsamla informasjon
Teknisk informasjon om di eining og internett-tilkopling
Gjennom tenarloggar og andre verktøy registrerer vi informasjon om eininga og tilkoplinga til tenesta, som til dømes operativsystem, nettlesarversjon, IP-adresser, informasjonskapslar og unike identifikasjonsfiler. Eit døme på korleis vi kan bruke denne informasjonen er at vi tilpassar visninga av Fjord1 til den eininga du nyttar, slik at du som brukar får ei best mogleg oppleving av tenesta.
Informasjonskapslar og anna innhald som blir lagra lokalt
Når du besøker nettstaden nyttar vi ulike teknologiar for å betre din brukaroppleving. Vi nyttar tredjepartscookier, altså cookies frå andre firma, t.d. i samband med målingar av trafikk/bruk.
Fjord1 ASA nyttar seg av desse tredjepartstenestane:
Offisielle norske trafikktal på web Google Analytics ? brukartal og analyse. Ingen personopplysningar blir delt med tredjepart.
Kva er ein cookie?
En cookie er ein liten tekstfil som blir lagra på datamaskinen, mobilen eller nettbrettet ditt av nettstaden du besøker. Den inneheld adressa til nettstaden og kodene som nettlesaren din sender tilbake til denne nettstaden kvar gong du besøker ei side der. Cookies inneheld vanlegvis ikkje personleg eller sensitiv informasjon og er vanlegvis harmlause og faktisk svært nyttige.
Dei fleste nettstader du besøker bruker cookies for å forbetre brukaropplevinga di ved å gjere nettstaden i stand til å «huske» deg. Enten i løpet av besøket ditt (en «session cookie») eller for gjentakande besøk (en «persistent cookie»).
Slik hindrar ein at cookies blir lagra:
Ein kan slette cookies frå harddisken når som helst. Dette gjer likevel at personlege innstillingar forsvinn. Ein kan også endre innstillingane i weblesaren slik at den ikkje tillèt at cookies blir lagra på harddisken. Dette gir noko dårlegare funksjonalitet på enkelte websider.
6. Dine rettar når vi behandlar personopplysningar om deg
Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandlar om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette innseiing mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i disse rettane på Datatilsynet si nettside:
www.datatilsynet.no
For å ta i bruk dine rettar må du kontakte oss på e-post:
post@fjord1.no. Vi vil svare deg så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.
Vi vil be deg om å bekrefte identiteten din eller å oppgje ytterlegere informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettar overfor oss. Dette gjer vi for å være sikre på at vi berre gir tilgang til dine personopplysningar til deg - og ikkje nokon som gjev seg ut for å være deg.
Du kan til ein kvar tid trekke tilbake ditt samtykke for behandling av personopplysningar hos oss. Den enklaste måten å gjere dette på, er å slette profilen din i Ferdakunde, eller ved at du kontaktar Fjord1 ved å sende ein e-post til: post@fjord1.no.
7. Klager
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har skildra her eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, så kan du klage til Datatilsynet.
Du finn informasjon om korleis kontakte Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider:
www.datatilsynet.no .
8. Endringar
Viss det skulle skje endring av våre tenester eller endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du er gitt her. Viss vi har dine kontaktopplysningar vil vi gjere deg merksam på desse endringane. Elles vil oppdatert informasjon alltid finnast lett tilgjengeleg på vår nettside
www.fjord1.no og i Ferdakunde.